Personvernerklæring for Matland Gård
1. Behandlingsansvarleg
Matland Gård ENK (Org.nr 991 525 955) Matland Gård ENK (Org.nr 991 525 955) er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningar på denne nettstaden.
Kontaktinformasjon:
Matland Gård
Ådlandsvegen 30
5642 Holmefjord
E-post: matlandgard@gmail.com
2. Hva slags informasjon vi samlar inn
Vi samlar inn og lagrar nødvendig informasjon for å kunne gjennomføre bestillingar og levere varer og tenester til deg. Dette inkluderer:
- Namn
- E-postadresse
- Telefonnummer
- Adresse (for levering)
- Ordrehistorikk
3. Formålet med handsaminga
Vi handsamar opplysningane for å:
- Handsame og levere bestillinga di.
- Oppfylle lovpålagte plikter (t.d. bokføringslova).
- Kommunisere med deg om bestillinga di.
4. Databehandlarar og tredjepartar
Vi nyttar oss av følgjande tredjepartar for å drifte nettstaden og handsame betalingar:
Teknisk drift og database
Fjeldheim Services ENK (Fjelldata) er vår leverandør av teknisk drift, utvikling og database. Fjelldata har tilgang til personopplysningar utelukkande for å kunne drifte og vedlikehalde systemet på vegne av oss.
Betaling
Vi handsamar ikkje kortopplysningane dine sjølve. All betaling skjer via sikre eksterne betalingsleverandørar:
- Stripe: Handsamar kortbetalingar.
- Vipps: Handsamar mobilbetalingar.
Disse leverandørane handsamar betalingsopplysningar i tråd med sine eigne personvernerklæringar og gjeldande regelverk (PCI DSS).
E-post
Vi nyttar Google (Gmail) for e-postkommunikasjon. Ordrebekreftelser og annan kommunikasjon vert sendt gjennom desse systema.
5. Dine rettar
Du har rett til innsyn i kva opplysningar vi har lagra om deg, og du kan krevje retting eller sletting av opplysningane om dei er feil eller ikkje lenger naudsynte. Merk at vi er pliktige til å ta vare på visse opplysningar i samband med rekneskap og bokføring (i 5 år etter rekneskapsåret er avslutta).